Site logo

Ynskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?Har du planar eller vurderer du å flytte til Ål eller Hallingdal Har du ledig kapasitet og ønskjer du å jobbe ekstra? Ønskjer du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring?

Om oss

Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg  tilbod av helse- og omsorgstenester.

Ål helsesenter består av avdeling Meistring (fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, dagsenter, Friskliv) heimesjukepleie, Gjestetunet(korttidsavdeling), avdeling Stugu (langstidsavdeling), Ål legeteneste (legekontor og Hallingdal legevaktsentral). Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.

Miljøterapitenesta har base på Prestegardsjordet.

I Familiens hus har me lågterskel tenester som svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste 0-5 år, skulehelseteneste og psykisk helse for born og unge. Vidare er Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) ein del av Familiens hus.

Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og  med frivillige og Frivilligsentralen.

Vi har behov for:

  • sjukepleiarar
  • vernepleiarar
  • helsefagarbeidarar
  • miljøterapeutar / miljøarbeidarar
  • fagarbeidarar / assistentar
  • Personar med annan helsefagleg bakgrunn
  • Assistentar og andre som ønskjer seg erfaring med arbeid i helse- og omsorgssektoren
  • Studentar innan sjukepleie / vernepleie / medisin eller helsefag

Vi ønskjer deg som vil jobbe med:

  • utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
  • å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod
  • å skape den gode dagen og yte det vesle ekstra

Du må være sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.  For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år.

Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje – me tek godt i mot nytilsette – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.

Informasjon om generell søknad:

Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande  tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den.

Informasjon om tillkallingsvikar:

Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag.

Politiattest og søknad:

Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden.

Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidigare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad.

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkommen til å ta kontakt med oss.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password