Site logo

Er du glad i menneskjer, og ser du andre sine ressursar og potensiale?

Vil du vere med å vidareutvikle tenestene med fokus på tverrfagleg samarbeid?

Me har ledig 100 % fast stilling i avdeling Meistring. Oppgåvene er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Arbeidsoppgåver

Dagleg oppfølging av tenestemottakarar og ivaretaking av brukarar sine ressursar er ein viktig del av arbeidet for å bidra til meistring og god livskvalitet: Dette vil mellom anna vere:

  • ansvar for heilskapleg oppfølging og miljøtiltak for heimebuande med psykiske og rusrelaterte utfordringar
  • følge opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling
  • gje oppfølging til innbyggjarar utfordingar innan rus og psykisk helse og med utgangspunkt i den enkelte sine behov
  • delta i dagsentertilbod
  •  tverrfagleg samhandling med samarbeidspartar og pårørande
  • ivaretaking av pasient/brukar sine ressursar, og bidra til meistring og god livskvalitet
  • vere med å vidareutvikle tenesta i tråd med samfunnet si utvikling, til dømes gode lågterkseltilbod og velferdsteknologi
  • du kan også bli tillagt andre oppgåver avhengig av dine kvalifikasjonar og bakgrunn

Kvalifikasjonar

  • helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå helst med autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar.
  • ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/ eller rus
  • førarkort i klasse B
  • framandspråklege må dokumentera bestått B2

Personlege eigenskapar

  • du har engasjement for faget og brukargruppa
  • du er ein god relasjonsbyggjar
  • du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar
  • du ser den enkelte sine ressursar og potensiale, og motiverer for meistring og endring
  • du har fleksibilitetsvilje, tar ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • du er positivt, løysingsorientert og meistrar stress og uforutsette situasjonar
  • du har evne til etisk refleksjon og å ta i mot rettleiing

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg
  • rabattert pris på treningssenter

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden og tilsetting kan skje før fristen har gått ut
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! – Ål kommune

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password