Vil du vere med å vidareutvikle miljøterapitenesta i Ål kommune?
FastHar du lyst til å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus på tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod? Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg?
Då treng me deg!
Som miljøterapeut i miljøterapienesta vil du få eit fagleg ansvar for ein eller fleire brukarar i tenesta. Du vil også kunne få eit koordinatoransvar, der mellom anna pårørandearbeid og individuell plan vil vere nokre av arbeidsoppgåvene. Du må kunne ha evne til å rettleie og motivere medarbeidarane.
Me har følgjande ledige stillingar
- 2 stillingar (100%)
- 20% helg
Arbeidsoppgåver
- bistå brukarane i gjennomføring av dagleglivets gjeremål og aktivitetstilbod
- arbeide med å tilrettelegge tiltak og utvikle og oppretthalde brukarane sine ferdigheiter
- legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- fortrinnsvis helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå, helst med autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
- me oppfordrar også miljøterapeutar med relevant utdanning innan helsefag/pedagogikk/idrettsfag til å søkje
- førarkort i klasse B
- framandspråklege må dokumentera bestått B2
Personlege eigenskapar
Det som kjenneteikner deg er at du:
- har brukarfokus, er fagleg engasjert og oppdatert
- er bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig
- er fleksibel og løysingsorientert, og har god evne til omstilling
- kan vere i fysisk aktivitet
- har evne til å kunne handtere uforutsette hendingar, og stå i og tåle krevjande arbeidssituasjonar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- dagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- stilling i turnus (forhandlingsturnus)
- arbeid 3. kvar helg, og moglegheiter for langvakter
- høve til fagleg og personleg utvikling
- moglegheiter for rettleiing og onomisk stønad til å gjennomføre relevant vidareutdanning
- internundervisning og fagleg påfyll
- full barnehagedekking i kommunen
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk, samt rekruttere- og behaldetillegg opptil 25.000,- årleg
- pensjonsordning i KLP
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden og tilsetting kan skje før søknadsfristen har gått ut
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her