Vil du vere med å lage den beste arbeidsplassen for våre ca. 650 tilsette?
FastÅl kommune er i gang med fleire spennande utviklingsprosessar, og søkjer deg som har lyst til å både jobbe strategisk og operativ med HR. Ål kommune legg stort vekt på medverking, og det er viktig at du er ein samlande leiar som lagar gode prosessar som involverer tillitsvalde, vernetenesta og dei tilsette. Har du gode leiareigenskapar og solid fagkunnskap, så vil me ha deg med på laget!
Som HR-sjef rapporterer du til rådmannen og bidreg i leiargruppa til den strategiske leiinga av ein mellomstor kommune. Du har personalansvar for to dyktige HR-konsulentar og overordna ansvar for Servicetenesta med arkivfunksjon, politisk sekretariat og servicetorg. Ål kommune driv laupande med effektiviserings-, omstillings- og digitaliseringsprosessar. Vår nye HR-sjef vil ha ein viktig rolle i desse prosessane og samtidig bidra i arbeidet med organisasjonskultur og god medarbeidarskap.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for utvikling av arbeidsgjevarstrategi og HR-fagområdet
- rettleie og støtte leiarar i personal, tariff- og arbeidsrettslege spørsmål
- forhandlingar, løn- og avtaleforhold
- kompetanse- og organisasjonsutvikling
- bidra til endrings- og omstillingsarbeid
- overordna ansvar for rekruttering, HMS- og nærværsarbeid
- initiere og gjennomføre tiltak innan leiar-, medarbeidar- og arbeidsmiljøutvikling
- vidareutvikle system, prosessar og rutinar knytt til personalforvaltning og kvalitetsstyring
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- leiarerfaring er ein fordel
- god kjennskap til HR-regelverket og arbeidsrett
- erfaring fra kommunal sektor, utviklings- og omstillingsarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- evne til à motivere medarbeidarar og skape entusiasme
- tydeleg og ryddig i samhandling og forhandling
- løsningsorientert
- svært god på kommunikasjon og samarbeid
- stort engasjement, god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
- tillitsvekkande relasjonsbyggar
- godt humør
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- ei leiarstilling med spennande og varierte arbeidsoppgaver der du er med på å utvikle Ål-samfunnet
- eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- ein kompetent stab og engasjerte og dyktige avdelingsleiarar
- løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
- hjelp til å finne bustad mm, les meir her: Flytt til Ål! – Ål kommune (aal.kommune.no
Søkjarar som ynskjer à vere unnateke offentleg må grunngje dette særskilt. I medhald av Offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du få varsel om.
Link til søknadsskjema: Søk her