Site logo

Ål introsenter har ledig ei 100% stilling som flyktningkonsulent. Stillinga er mellombels, med foreløpig tilsetting fram til 30.6.25. Oppstart etter avtale.

Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då kan dette vere jobben for deg. Vi søker ein trygg og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.

Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver:

  • Tett oppfølging og rettleiing av flyktningar etter busetting, blant anna knytt til kvardagsliv i eit nytt land og hjelp med praktiske oppgåver.
  • Planlegging og gjennomføring av introduksjonsprogram, blant anna temaundervisning.
  • Oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
  • Oppfølging av språkpraksisplassar.
  • Samarbeid med andre tenester i kommunen.
  • Andre aktuelle oppgåver.

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning.
  • Erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning.
  • God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv.
  • Bør ha førarkort og disponere bil.

Vi ønsker oss ein medarbeidar som:

  • Har engasjement for faget og brukargruppa.
  • Er positiv, fleksibel og løysningsorientert.
  • Kan jobbe sjølvstendig.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt.
  • Kan sette grenser i krevjande situasjonar.

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Me kan tilby:

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Politiattest og søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Job Overview

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Apply for job

Apply for this job

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Apply for job

Apply for this job

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Sign Up

Forgotten Password