Me har fleire ledige faste stillingar som miljørettleiar i skulen i Ål.

Miljørettleiarar arbeider med sosialpedagogiske tiltak, både som ein del av den generelle bemanninga og med enkeltelevar. Det kan vere sosiale vanskar, utfordrande åtferd og/eller skuletrøttleik. Kontaktlærarane har det faglege ansvaret, og miljørettleiarane vil samarbeide med kontaktlærar/faglærar om opplæringstilbodet i klassen.

Vår overordna visjon er "I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv". Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Ål er MOT-kommune.

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
  • interesse for og aller helst erfaring med elev/læringsmiljøarbeid

Arbeidsoppgåver

  • følgje opp enkeltelevar i klasse og gruppe
  • ta del i læringsmiljøarbeidet ved skulen og i kommunen
  • kontakt med føresette
  • observasjon og rettleiing av andre på enkelte fagområde
  • dokumentasjon og deltaking i møter

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer at du:

  • har godt lag med barn og ungdom
  • er tydeleg og omsorgsfull
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
  • har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
  • er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  • har godt humør og pågangsmot
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr

  • ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne og barn
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord