Gol skule er ein 1-10-skule med 490 elevar og ca 90 tilsette

Vi har ledig:
• 100% vikariat som faglærar på mellomtrinnet for skuleåret 22/23.

Arbeidsoppgåver:
• Ordinær undervisning i faga norsk eller matematikk.
• Undervisning i andre fag der ein har realkompetanse dersom det er naudsynt for skulen sin organisering.

Kvalifikasjonar:
• Godkjent utdanning etter kapittel 14-3 i forskrift til Opplæringsloven i faga norsk eller matematikk for 5.-10 trinn.

Vi ynskjer at du:
• Er ein person med engasjement og interesse for barn og ungdom si utvikling.
• Har evne til å inspirere og vise omsorg og er ein tydeleg vaksen med autoritative eigenskapar.
• Har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
• Er aktiv og fleksibel i samarbeidet med andre og vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
• Er positiv og har godt humør

Vi tilbyr:
• Eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning
• Eit spennande og triveleg arbeidsmiljø
• Ein organisasjon i utvikling
• Varierte arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar
• Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord