Site logo

Er du ein fleksibel lagspelar med godt humør og vilje til å få ting gjort? Er du er strukturert, utviklingsorientert og har gode leiareigenskapar? Då er du den rette for oss!

Ål Legekontor og Hallingdal legevaktsentral er no på utkikk etter ein ny avdelingsleiar som kan løfte temaet vidare. Vi er ein sektor for utvikling, vekst og trivsel, og her vil du vil få ein variert og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit fagmiljø med allsidig spesialisert kompetanse med tilsette som brenn for faget sitt og som støttar kvarandre i arbeidskvardagen.

Som avdelingsleiar vil du ha personal-, administrativt og økonomisk ansvar i lag med assisterande avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna innebere:

  • ansvar for økonomi, budsjett og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar
  • legge til rette for godt samarbeid med fastlegar, kommuneoverlege, legevaktsjef, spesialisthelseteneste, kommunane i Hallingdal og andre samarbeidspartar
  • sikre gode og trygge pasientforløp, slik at pasient og pårørande blir tatt vare på ein god måte
  • kontinuerleg kvalitets- og forbetringsarbeid og ansvar for HMS, internkontroll og avvikshandtering
  • utvikling av et godt fag- og arbeidsmiljø saman gode støttespelarar
  • god personaloppfølging og arbeidstidsplanlegging i samarbeid
  • oppfølging av legeavtaler og legevaktsavtaler

Avdelingsleiar inngår i leiargruppa til kommunalsjefen. Det må påreknas arbeid utover ordinær arbeidstid. Legetenesta er i stadig utvikling, det kan bli endringar i arbeidsoppgåver.

Vi ser etter deg som:

  • har relevant høgskole- eller universitetsutdanning, innan leiing, økonomi og/eller helsefag. Andre med relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og relasjonar
  • er raus, påliteleg, lojal og som kan skape humør og arbeidsglede
  • er god på planlegging og ha gjennomføringsevne på kort og langsiktige utfordringar/mål
  • har evne å arbeide strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert, også under press
  • har evne til omstilling/fleksibilitet
  • har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • har godkjent politiattest, nyare enn 3 månader ved tilsetting
  • har gjerne rettleiar- og saksbehandlingskompetanse
  • har gjerne kunnskap og erfaring knytt personalforvaltning, turnus, legeavtaler

Personlege eigenskapar blir tillagt vekt: Vi ønskjer at du som person har evne til å legge til rette for god samhandling og eit godt samarbeid både internt, men også med dei me arbeider tett opp mot. Det er også viktig at du handterer en arbeidskvardag i tidvis høgt tempo, der ein må ta raske og gode avgjersler. Du får ansvar for å leie, utforme og vidareutvikle kommunen si legeteneste, legevakt og Hallingdal legevaktsentral og vere nytenkjande saman med eir dyktig og ansvarsfullt fagteam.

Vi tilbyr:

  • ein framtidsretta leiarstilling som gir rom for nytenking og innovasjon
  • eit solid og sterkt fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • hyggelege kollegaer og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • stor tillit, ansvar og nødvendig myndigheit
  • leiar- og resultatavtale som følger stillinga med tydelege forventningar til deg
  • kompetanse og og leiarutvikling
  • du vil få vere ein del av ei engasjert leiargruppe der du kan vere med på å forme eigen arbeidsplass

Vi ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning.

Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.

Send søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
  • aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password