Sjåfør Betongbil
FastMe søker
Sjåfør til betongbil
Me ynskjer ein person som er arbeidsvillig, ansvarsbevisst, sjølvstendig, ryddig og fleksibel.
Arbeidet er variert og kan i sumar/haustsesongen vere hektisk.
Hovudoppgåver:
• Transport av betong til byggeplassar.
• Vedlikehald og reinhald av betongbil
Kvalifikasjonar:
• Førarkort kl. C og YSK
(Dersom du ikkje har førarkort kl. C kan me vere behjelpeleg med å dekke kostnad på dette mot bindingstid)
• Erfaring frå betongarbeid eller kunnskap om betong er ein fordel, men opplæring vert gitt med eigne betongkurs.
• Erfaring frå bygg-/anleggsrelatert arbeid er ein fordel.
• Erfaring/kompetanse med bilvedlikehald/reparasjon er ein fordel.
Me kan tilby ordna forhold med gode lønns-, pensjons- og forsikringsordningar.
Ein bør snakke norsk.
Deltidstilsetting på sesong kan også vere av interesse.
Søknad med CV kan sendast til Hallingdal Betong AS, 3579 Torpo eller E-post:htveito@hallingdalbetong.no
innan 28.03.25. Søknader vert vurdert fortløpande.
Ytterlegare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte oss på telefon 32 08 30 09 eller 90 99 22 91