Barnehagane og skulane i Ål har behov for vikarar som kan dei kan ta kontakt me når det er fråvær. Dersom du ynskjer å bli registrert som tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å søkje på denne stillinga.

Tilkallingsvikarar som det inngått avtale med, vil bli kontakta av aktuell skule eller barnehage når dei har behov for vikar, enten for nokre timar av ein dag, ein dag eller fleire dagar. Det er skulen og barnehagen sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilte høve.

Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag og at den som vert tilsett kan takke nei til tilbod om vakter.

Ein arbeidsavtale vil gjelde for inntil eit år og fylgje skule- og barnehageåret.

Kvalifikasjonar
Ingen krav om formell utdanning, men det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå arbeid i skule eller barnehage.

Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg.

Det er innført krav om norskkunnskaper for dei som skal arbeide i barnehage. Dersom du har eit anna språk enn norsk som fyrstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing ig munnleg kommunikasjon.

Lønsvilkår
Løn etter timeliste.
Arbeidsforholdet er regulert etter hovudtariffavtala.

Politiattest
Dersom det vert inngått avtale om å vere tilkallingsvikar, må det leggjast fram godkjent politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men sendast inn etter at det er gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga. 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord