Ål kommune

Teamleiar

  • Heltid
Ål
mar 9, 2021

VIL DU VÆRE MED Å UTVIKLE FRAMTIDAS BARNEVERN I HALLINGDAL?

ER DU EIN TRYGG OG TYDELEG LEIAR?
DÅ ER DU DEN VI LEITER ETTER

Vi har ledig 100% fast stilling som teamleiar.
Tilsetting snarast.

Vi ønsker ein teamleiar som har desse kvalifikasjonane:

  • Utdanning som barnevernpedagog/sosionom
  • Erfaring frå barnevernfagleg arbeid, gjerne på leiarnivå
  • Kompetanse og erfaring innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming
  • Leiarerfaring og utdanning
  • Positiv og med eit ønske om å være med og utvikle Hallingdal barnevernteneste saman med leiarteamet
  • Strukturert og fleksibel
  • Tydeleg, klar og likar utfordringar
  • Erfaring frå endringsarbeid og evne til implementering
  • God skriftleg framstillingsevne

Arbeidsoppgåver:

  • Ein del av leiarteamet i tenesta
  • Være med å utvikle tenesta vidare inn i Barnevernsreformen 2022
  • Delta i endringsarbeid og ansvar for implementering
  • Vidareutvikle gode rutiner og struktur for arbeidet i sitt team
  • Opplæring av tilsette
  • Kontinuerleg oppfølging av dei tilsette i teamet
  • Ansvar for det faglege og daglege arbeidet i sitt team
  • Oppfølging gjennom bistand og konsultasjon til dei tilsette i teamet
  • Konsultasjon og bistand på tvers av team
  • Delta i utadretta arbeid med kommunane og andre samarbeidsinstansar

Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Systematisk og strukturert
  • Evne til å motivere og sette krav til medarbeidarane
  • Evne til å være fleksibel
  • Tåle å stå i krevjande prosessar
  • Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
  • Kommunal bolig

Politiattest

Stillinga krev politiattest og førarkort.Vi har nokre tenestebilar, men det er likevel ønskeleg at den tilsette kan disponere eigen bil.
Ved behov må arbeidstakar rekna med forskyving av arbeidstida,

Hallingdal barnevernteneste brukar dataprogrammet Familia som saksbehandlingsverktøy.

Sjå infofilm om Hallingdal barnevernteneste på Ål kommune si heimeside: https://www.aal.kommune.no/skule-og-barnehage/hallingdal-barnevern/

Send søknad

Send søknad med CV elektronisk via Ål kommune si heimeside, www.aal.kommune.no, ledige stillingar.

Søkjarar som ynskjer å være unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dette vil du i såfall få varsel om.

Søknad

Søknadsfrist:
14.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå. Ål kommune er vertskommune. Barneverntenesta er lokalisert sentralt på Ål.Hallingdal barnevernteneste er organisert i fire team.

Om søknaden

Publisert:
24.02.2021
Sist endret:
09.03.2021