Site logo

Det er ledig 100 % mellombels stilling som teamleiar ved Ål introsenter i perioden 01.08.24-31.07.25, med moglegheit for forlenging.

Vi søker

Ål introsenter tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne elevar frå Ål og Hol kommune. Elevane våre kjem frå mange ulike land og som tilsett hos oss vil du spele ei viktig rolle for språkinnlæring og inkludering i samfunnet.

Ål introsenter har hatt ei stor auke i elevtal dei siste skuleåra og har no om lag 100 elevar. Vi søker ein medarbeidar til stillinga som teamleiar for norskopplæring. Som teamleiar vil du arbeide tett med avdelingsleiar.

Ål introsenter er organisert i oppvekstsektoren og held til på Ål kulturhus. Introsenteret har også ansvar for busetting, etablering og inkludering av busette flyktningar i Ål kommune.

Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing. Elevane ved Ål introsenter har kvar sin iPad og alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi.

 Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om kommunen og skulane.

Arbeidsoppgåver teamleiar

  • ansvar for dagleg drift av skulen i samarbeid med avdelingsleiar
  • leie pedagogisk utviklingsarbeid
  • kartlegging og inntak av nye elevar
  • vera oppdatert på og forvalte gjeldande lovverk, dessutan fatte vedtak
  • ansvar for timeplanlegging, vikarar, årsplanar m.m.
  • merkantile/administrative oppgåver
  • undervisningsoppgåver/vikar ved behov

Kvalifikasjonar

  • ønskeleg med pedagogisk utdanning
  • ønskeleg med erfaring frå vaksenopplæring eller skulesektor
  • det er ein fordel med utdanning og/eller erfaring frå leiing og administrasjon
  • gode digitale kunnskapar
  • god evne til munnleg og skriftleg framstilling

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personleg eigenskapar. Vi ønsker at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsfull og grundig
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • har evne til å skape gode relasjonar med vaksne elevar og kollegaer
  • trivst i ein digital kvardag
  • gjerne vil delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar

Vi tilbyr

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • ei skule der elevar trivst
  • ei avdeling som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • hjelp til bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale.

Søknad  

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden 
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista 

Velkomen hjå oss som søkjar! 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password