Site logo

Frå 1. august -24 er det ledig faste og mellombelse stillingar for lærarar ved 1-7. trinn, og for lærarar ved 8-10. trinn. Utlysinga gjeld også for stillingar som blir ledige i løpet av våren. Før opp i søknaden kvar du ønskjer å jobbe dersom du har spesifikke ynskje om arbeidsstad.

Grunnskule
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle leikbasert, praksisnær, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.  Ved alle skulane i Ål kommune er det spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk.  Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg, i tillegg kompetanse innan norsk som andrespråk. Kontaktlærarfunksjon er aktuell for fleire av stillingane.

Skulane i Ål
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.  Dei mindre skulane har også samarbeid om profesjonsfellesskap.

«Betre læring» er den lokale oppvekstplanen, og visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske.

Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Skattebøl skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.

Kvalifikasjonar

  • godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3
  • før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
  • ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:

  • brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
  • er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
  • ser på leik viktig og som ein god metode i undervisninga
  • ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • to-lærarsystem ved fleire av skulane
  • miljørettleiarar ved skulane
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password