Site logo

Er du sjukepleiar eller vernepleiar med eit særleg ønskje om å jobbe med tverrfagleg pasientbehandling  med fokus på demensomsorg og geriatri? Vil du vere med å vidareutvikle tenesta i samsvar med morgondagens omsorg for våre innbyggjarar?

Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske og som spreier livsglede til folka omkring deg. Som sjukepleiar ved avdeling Stugu blir du del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med bebuarar, pårørande og kollegaer. 

Me har eigen trivselskoordinator, sjukeheimslege, fysioterapi og ergoterapi knytt til helsesenteret.  Me ønskjer å være eit lærande hus for elever og studentar. Har du godt humør, stå-på-vilje og er fagleg engasjert i pasientgruppa vår, er du nettopp den vi søkjer etter.

Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje – me tek godt i mot nytilsette – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. 

Arbeidsoppgåver kan vere å

  • gje heilskapleg og individuell helse og omsorgstenester gjennom tett tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • ta initiativ til aktivitet, skape glede og den gode samtale med bebuaren
  • vere aktiv pådriver for at våre pasienter får brukt sine eigne ressurser på en god måte, og bidra til at dei opplever ein høg grad av livskvalitet
  • utarbeide og kartlegge omsorgsplaner for sykepleiebehov, iverksette og evaluere tiltak hos pasientene
  • å aktivt bidra til å sikre individuelle, faglige og etisk forsvarlige tjenester
  • praktiske og administrative sykepleieoppgaver
  • rettleie  pasientar, pårørande, studentar, elevar og medarbeidarar
  • rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldende lovverk

 Me søkjer deg som

  • har norsk autorisasjon som vernepleier/sjukepleiar gjerne med relevant vidareutdanning
  • har gode norskkunnskapar (minimum B2 – nivå) og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass
  • ønskjer å vere med å utvikle alternative tenester med fokus på meistring og aktivitet, som VIPS – praksismodell, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologiske løysningar
  • tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn.
  • er aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og jobbe med kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

 Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

Inntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter, der dei fleste vaktene med 12,5 timer, arbeid hver 3. helg, gode friperiodar  eller konsentrert jobbing med ordinær vaktlengde og lengre friperiodar. Gjennom kalenderplanlegging og forhandling, kan få til ein tilpassa turnus over 4 månader.  Det er organisert eigen nattevaktsturnus.

Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.

Som distriktskommune med lagt reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Ellers har me:

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg
  • tilrettelagde og gode lokale
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password