Er du sjukepleiar / vernepleiar som ønskjer å jobbe i den kommunale helse- og omsorgstenesta?
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomsteikn?
Ønskjer du å vere med å utvikle alternative tenester som, Vipps, kvardagsrehabilitering, – meistring og velferdsteknologiske løysingar?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?

Då treng vi deg!

Vi har ledig 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar i heimetenesta.

 Arbeidsoppgåver:

• gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
• tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
• vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
• kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
• rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Vi ynskjer å jobbe med deg som:

• har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning 
• er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
• trivst med utfordringar og er løysingsorientert
• har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Er du nyutdanna er du velkomen til å søkje – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Vi treng deg dersom du:

  • leitar etter verne/sjukepleiar utfordringar i kommunehelsetenesta
  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

  • positive og trivlege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • tilrettelagde og nye lokaler
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • todelt turnus (vi har eigen nattevaktsturnus)
  • arbeid 4. kvar helg i 12,5 timars vakter med påfølgjande langfri veka etter
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • hjelp til å skaffe bustad
  • rekruttere og behaldetillegg
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg og pensjonsordning i KLP

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

"Til Topps"

Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling? Ål kommune har eit eige leiarutviklingsprogram – "Til Topps" . Det er oppstart på nytt program hausten 2022 med interne og eksterne kurshaldarar. 

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. 

Om oss:

Ål helsesenter består av både heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Det er eit godt samarbeid med frivillige og Frivilligsentralen.

Heimtenesta har ca 36 årsverk. Det er knytt bufellesskap til heimetjenesta. Heimetenesta si brukargrupper er samansett, men dei fleste av våre brukarar er eldre. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut,  ergoterapeut, psykisk helse og legetenesta om den einskilde brukaren. Kommunen har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane.

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord