Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Om ønskjeleg kan det annan stillingsstorleik avtalast.

Arbeidsoppgåver:

• gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
• tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
• vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
• kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
• rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Vi ynskjer å jobbe med deg som:

• har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens)
• er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
• trivst med utfordringar og er løysingsorientert
• har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Er du nyutdanna er du velkomen til å søkje – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Me tilbyr

• positive og trivlege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• tilrettelagde og nye lokaler
• todelt turnus (vi har eigen nattevaktsturnus)
• fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• høgt fagleg nivå og god fagdekking
• høve til fagleg og personleg utvikling.
• full barnehagedekning i kommunen
• hjelp til å skaffe bustad
• rekruttere og behaldetillegg

"Til Topps"

Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling? Ål kommune har eit eige leiarutviklingsprogram – "Til Topps" . Det er oppstart på nytt program hausten 2022 med interne og eksterne kurshaldarar. 

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Om oss:

Avdeling Tunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, 12,6 årsverk og har god fagdekning.

Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen, som for øvrig er tilsett på fulltid. 

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord