Site logo

Ål kommune har ledig 100 % fast stilling som saksbehandlar i helse og omsorgssektoren.
Vår ambisjon er å tildele tenester ut frå ei heilskapleg tenking, der førebygging, tidleg intervensjon og ibuande ressursar hos pasientar og brukarar blir vektlagde.
Stillinga vil vere ein del av vårt tverrfagleg tildelingsteam. I samarbeid med tildelingsteamet bidreg du til at tenesta gjer gode prioriteringar, at innbyggjarane får rett teneste til rett tid, og likeverdig tenester etter behov.

Som sakshandsamar vil du ha ansvar for å bistå og rettleie innbyggjarane i spørsmål vedrørande nødvendige helse- og omsorgstenester. Du vil også delta i drøftingar og rettleie avdelingane i spørsmål som gjeld tildeling av tenester.

Vår tenestetildeling tek utgangspunkt i grundige ressurskartleggingar, meistring, brukarmedverknad og kvardagsrehabilitering som fokusområde. Du må kunne handsame søknadar innanfor eit stort og variert tenesteområde, der det særleg er behov for reell kompetanse relatert til BPA-ordningar, pårørande-støtte og klagehandsaming.

Vi ser etter deg som har god kjennskap til helse- og omsorgslovgivinga, LEON-prinsippet (lågast effektive omsorgsnivå), og som ser viktigheita av dei føringane sentrale helsemyndigheiter har kommunisert.
Kvardagen kan vere krevjande der ein arbeider etter politisk vedtekne rammer, forventning frå brukar og pårørande, tilsynsmyndigheiter og leiing. Med eit stadig aukande press på tenester, søkjer vi deg som er robust, og rettar deg inn mot framtidsretta og berekraftige helsetenester.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming og utgreiing av søknader av helse- og omsorgstenester etter gjeldande lovverk.
  • Rettleiing til søkjarar og pårørande om kommunen sin tilbod og tenester.
  • Bidra til auka fokus på helsefremmande tiltak.
  • Delta på interne og eksterne møter med direkte relevans for stillinga.
  • Delta i tenesteutvikling og forbetringsarbeid innanfor forvaltningsområdet, og bidra til heilskapleg og berekraftig administrering av tenestetilbod.

Kvalifikasjonar:

  • Fortrinnsvis 3-årig helsefagleg høgskoleutdanning, primært sjukepleiefagleg. 
  • Erfaring frå kommunal omsorgsteneste.
  • Kompetanse og solid erfaring frå sakshandsaming.
  • Ynskje om kompetanse innan helserett.
  • God på relasjonsbygging og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • God datakunnskap.
  • Kjennskap til fagprogrammet Gerica er ein fordel.
  • Gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg.

For stillinga krevst det norskprøve 3 for framandspråklege søkjarar. Kravet kan fråvikast dersom det kan dokumenterast god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi vektlegg også:

  • Kjennskap til kommunale tenestetilbod og offentleg forvaltning.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar i møte med brukarar og pårørande, samt ulike faggrupper og avdelingar i kommune og spesialisthelsetenesta.
  • At du er serviceinnstilt og lyttande.
  • Evne til å prioritere arbeidsoppgåver.
  • Fagleg styrke og motivasjon.
  • Evne til å ta initiativ, arbeide sjølvstendig, systematisk og løysingsfokusert.

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling, læring og samarbeid.
  • Varierte, spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidssituasjon
  • Fleksitid.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Stilinga krev politiattest. Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. 
  • Ta kontakt med spørsmål om stillinga.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password