Site logo

Ål kommune skal bygge ut Ål helsetun i etappar og treng ein erfaren og tydeleg prosjektleiar i inntil 100% stilling i 3-5 år. 

Arbeidsoppgåver:

  • Saman med prosjektorganisasjonen definere romprogram for dei ulike byggestega og leie planlegging, prosjekterings- og byggefasene.
  • Sørge for at styringsgruppe, arbeidsgrupper, referansegrupper og brukarkoordinator fungerer godt.
  • Utarbeide framdriftsplan og budsjett for arbeidet.
  • Ha kontakt med Husbanken på vegne av byggherre.
  • Vere med på å velgje entrepriseform og sørge for utlysing av arkitekt-, prosjekterings- og byggeoppdrag.
  • Følgje opp leverandørarane i planleggings-, prosjekterings- og byggefasane.

Stillinga kan evt delast opp viss søkjarar ønsker deltidsstilling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Vi ønsker ein prosjektleiar med erfaring og gode referansar helst frå store byggeprosjekt innan helse. 
  • Ønskeleg med høgare utdanning innan relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Vi ser etter ein som er ryddig og strukturert, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du har solid økonomiforståing og evne til å skape struktur.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig.

Me kan tilby:

  • Ein unik jobbmoglegheit med eit spennande prosjekt som vil setje spor i lokalsamfunnet.
  • Fleksibel og variert arbeidskvardag.
  • Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil vere med å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.

Send søknad:

  • Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. 
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password