Er du ein relasjonsbyggjar og har barnets beste i fokus? 

Liker du å engasjere deg i faglege og pedagogiske spørsmål om læring og utvikling?

Ønskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då ønsker vi deg velkomen til vårt team!

Du kan rekne med varierte og spanande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Me legg til rette for kurs og etterutdanning.

Me søkjer to faglege dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å vidareutvikle PP-tenesta for Ål og Hol. Den er ledig:

  • 100 % fast stilling
  • 100 % vikariat i minimum eit år

Arbeidsoppgåver:

  • systemretta arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • utgreiing- og sakkyndigarbeid
  • tverrfagleg samarbeid
  • deltaking i utviklingsarbeid

Alle skulane og barnehagane har faste primærkontaktar. Gjennom primærkontaktarbeidet er PPT for Ål og Hol tett og tidleg på. Vi deltek saman med skule og barnhage i kommunale satsingsområde. PPT har fokus på førebyggande arbeidet og hjelpe born og foreldre slik at dei opplever mestring i eigne liv.

Vi søkjer etter:

  • mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller embetsstudie i pedagogikk eller psykologi
  • andre relevante utdanningar på masternivå kan vurderast
  • utredning- testkompetanse
  • ønskje om erfaring frå systemarbeid 
  • ønskje om erfaring frå utredningsarbeid frå til dømes PPT eller BUP

Det blir forventa at du:

  • har god munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert, ansvarsbevisst og løysningsorientert
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • viser engasjement og er nysgjerrig
  • er motivert for å utvikle og dele sin kompetanse
  • har etisk og høg fagleg standard i arbeidet
  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt fellesskap

Vi tilbyr:

  • inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • fast lønnstillegg – rettleiartillegg
  • fast utgiftsdekning for bruk av eigen bil i tenesta
  • kommunal fadderordning
  • hjelp til å skaffe bustad

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Pensjonsordning i KLP.

Politiattest:

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilli

Send søknad:

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Om oss:

PP-tenesta er ei interkommunal teneste for skulane og barnehagane i Ål og Hol, med kontorlokale i Ål sentrum. Tenesta består av er 7,5 stillingar, samt 2 stillingar som logoped/audiopedagog i tenesta. Alle i tenesta jobbar i team. Vi har høgt fagleg nivå og eit godt samarbeid med skulane og barnehagane.  PP-tenesta er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & – Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Pedagogisk Psykologisk teneste er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven. 

PPT er ein del av Familiens hus i Ål som vart oppretta i 2022 med helsestasjonsteneste, skulehelseteneste, PPT og psykisk helse for barn og unge. Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. 

Ål, Hol og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Begge kommunane er turistkommunar, med Geilo som ein kjent vinterdestinasjon. Ål er sentrum for kulturlivet i Hallingdal.

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord