Gol kommune Miljøterapitenesta

Områdeleiar i Miljøterapitenesta

  • Heltid
Gol
mai 16, 2021

Org.nr.:986487417 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og
pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte områdeleiarar, og vi har ein eigen avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.
Stillinga er ein av fire områdeleiarar i avdelinga. Gol kommune har god leiarstøtte og eige oppfølgingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å få ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sine
styrkar. Vi ynskjer engasjement og må oppnåing.

Vi søkjer etter ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringar og å arbeide i team.

Du vil arbeide mykje sjølvstendig. Næraste leiar vil vera avdelingsleiar for miljøterapitenesta.

Arbeidsoppgåver:
• Leiing av eige område med ansvar for tilsette.
• Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
• Samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt foreldre/pårørande.

Kvalifikasjonar:
• Utdanning innan leiing, eventuelt leiarerfaring kan erstatte formell kompetanse
• Utdanning innan helse- og sosialfag
• Søkjar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Vi ønskjer at du har:
• Erfaring frå tilsvarande tenester
• Sertifikat for bil

Du er:
• Ansvarsbevisst og arbeidar sjølvstendig og strukturert
• God til å samarbeide
• Løysingsorientert
• God til å handtere fleire oppgåver parallelt
• God til å skape tillit
• God til å tileigne ny kunnskap raskt

Vi tilbyr:
• Leiarløn etter avtale
• God pensjonsordning
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa

For stillinga gjeld:
• Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-05-16T00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Miljøterapitenesta

«Gol er ein god stad å bu for alle» Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
03.05.2021
Sist endret:
11.05.2021