2 x 45 % vikariat, våken nattevakt, med moglegheit for forlenging eventuelt fast stilling.
Stillingane er mogleg å kombinere til ein 90 % våken nattevakt.

Er du opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar og bidra aktivt inn i eit fagmiljø? Miljøterapitenesta yt tenester til brukarar i eigen heim, dagtilbod og avlastning.

Vi søkjer:
Miljøterapeut i 2 x 45 % vikariat i 6. månadar som våken nattevakt med moglegheit for forlenging eventuelt fast stilling. Turnus på natt i kvardagar og kvar 3. helg. Det er mogleg å kombinere stillingane til ein 90 % om ynskjeleg.
Det vil vera mogleg å få ekstravakter for å fylle opp stillingane.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller anna 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk.
• Utdanning som helsefagarbeidar kan vurderast
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med autisme og utviklingshemming
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Kjennskap til arbeid med hol. kapittel 9 (tvang og makt)
• Likar utfordringar og er løysingsorientert
• God kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane

Vi tilbyr:
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mykje humor
• God pensjonsordning

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord