Site logo

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har du evne å skape trygge og tillitsfulle relasjonar?
Er du opptatt av kvardagsmeistring og ynskjer du å ha fokus på ressursane hjå den einskilde?

Kan du tenkje deg å jobbe i helse- og omsorgsektoren i Ål?
I samband med at kommunen skal busette flyktningar og at det blir oppretta akuttmottak, ønskjer vi å styrke eit allreie etablert helseteam for flyktningar og asylsøkjarar. Teamet vil bestå av helsesjukepleiar, lege, personell frå psykisk helse, sjukepleiar og jordmor. Teamet vil jobbe tverrfagleg opp mot integreringstenesta, oppvekstsektor, helse og omsorgssektor, kulturavdeling og frivillige. Det er mogleg det blir eit samabeid med andre kommunar om ressursdeling av personell og kompetanse, eventuelt med oppretting av ambulerande team.

Me søkjer etter offentleg godkjent psykiatrisk sjukepleier, sjukepleiar, vernepleier, helsesjukepleiar eller helsefagarbeidar med relevant erfaring, som kan tenkje seg ein fleksibel, men fast stilling i helse og omsorgssektoren. Vi tilbyr opptil 100 % faste stillingar, men ønskjer du ein mindre stilling er det også mogleg. Stillingane vil vere knytt til Familiens hus. Ved endring i behovet for å jobbe med migrasjonshelse vil den tilsette få tillagt andre arbeidsoppgåver og det kan bli flytta til andre avdelingar i kommunen. Det vil i utgangspunktet vere arbeidstid på dagtid, men det kan påreknast kvelds- og helgearbeid i periodar.

Førebyggande, stabiliserande og helsefremjande tiltak er sentralt i teamets arbeid. Teamet skal jobbe etter gjeldeade lovverk og helsedirektoratets rettleiar for helsetenester til asylsøkjarar og flyktningar. Vidare er barnekonvensjonen og menneskerettar eit viktig fundament og rettesnor i vårt arbeid.

Me søkjer deg som kan ta i eit tak når det er nødvendig, og beheld roen når det skjer mange ting på ein gong. Du må vere fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen hjå oss som søkjar!

Om oss: 
Familiens hus i Ål vart oppretta i 2022 med helsestasjonsteneste, skulehelsetjeneste, PPT og psykisk helse for barn og unge. Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus.
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password