Site logo

Ål kulturhus er sjølve storstugu i Ål kommune og eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset har tre amfisalar og er ein stor aktør på kino, scenearrangement, seminar og møteverksemd. Kulturhuset har rundt 30.000 besøkjande på kino og scenearrangement i eit normalt år, og me skal bidra til opplevingar av høg kvalitet for alle. Huset presenterer alt frå teater, konsert og kino til dans og foredrag. Ål kulturhus husar også kulturskule, bibliotek, introsenter og vaksenopplæring, frivilligheitssentral, BUA, Nesch-museum, kunstgalleri og ungdomsklubb. Det er høg aktivitet på huset og mange brukarar som gjer sitt til at Ål kulturhus har og gjev mykje positiv energi.

Me søkjer no etter ein ny energisk lydteknikar i 60% fast stilling

Me søkjer etter ein lydteknikar som ynskjer å bidra til å vidareutvikle Ål kulturhus som eit av landets leiande kulturhus. Teknikaren rapporter til, og samarbeider med, teknisk leiar og kulturhusleiar. Arbeidstida følgjer arrangementa programmert ved Ål kulturhus, og ein må rekne med ein del ettermiddag- og kveldstid, samt helg. Me søkjer ein teknikar som har god og relevant erfaring med lyd i samband med avvikling av dans, teater og konsertar. Me ynskjer snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver:

  • avvikling av arrangement
  • lyd og sceneteknisk arbeid ved prøver og arrangement
  • planleggje og tilretteleggje det tekniske arbeidet
  • ansvar for teknisk utstyr, inkludert feilsøking og vedlikehald av teknisk utstyr og scenene
  • kontakt med arrangørar og leigetakarar
  • anna forefallande arbeid
  • dagleg drift og andre tekniske oppgåver på kulturhuset i samarbeid med teknisk leiar
  • rigging
  • dialog med eksterne samarbeidspartnarar
  • kome med innspel for å effektivisere utstyrsparken
  • delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av arrangement
  • rettleie og lære opp andre medarbeidarar i tekniske ferdigheiter og systembruk
  • leie og gjennomføre aktuelle arrangement ved behov

Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning innan fagområdet lydteknikk
  • solid erfaring kan evt. erstatte formell utdanning
  • beherske norsk og engelsk – munnleg og skriftleg. Ål kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk
  • gode datakunnskapar
  • førarkort klasse B
  • lift-sertifikat er ønskjeleg, men vi vil eventuelt kunne tilby kompetansekurs

Personlege eigenskapar:
Me ser etter ein person som:

  • er ein god relasjonsbyggjar
  • bidreg positivt og konstruktivt i samarbeid, både internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartnarar
  • evner til effektiv kommunikasjon og sørger for god flyt av informasjon
  • er ansvarsbevisst og sjølvgåande
  • viser initiativ og er løysingsorientert
  • har god struktur og likar orden og system
  • har overblikk og evner til å sjå omfanget av arbeidsdagen
  • jobbar effektivt og målretta for å nå dagens mål og har gode samarbeidsevne
  • har vilje, forståing og motivasjon til å arbeide i ei bedrift som har ope når andre har fritid
  • er serviceinnstilt og like å jobbe med mange ulike menneske

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for denne stillinga.

Me tilbyr:

  • entusiastisk fagmiljø på huset, med ledande ekspertise på fleire spennande felt innan kunst og kultur
  • eit stort eksternt fagmiljø lokalt
  • fagleg interessant moglegheit til å fylle en nøkkelrolle på Ål kulturhus
  • eit kreativt film- og kulturinteressert arbeidsmiljø
  • lønn i samsvar med tariff
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password