Gol kommune Gol skule

Lærarstillingar ved Gol skule

  • Heltid
Gol
des 15, 2021

Gol skule er ein 1-10-skule med 490 elevar og ca. 90 tilsette

Vi søkjer:
• Faglærar med erfaring og/eller utdanning frå begynneropplæring, 100 % årsvikariat med tiltreding frå 1. januar eller så snart som råd.
• Faglærar i fortrinnsvis norsk og samfunnsfag på mellomtrinnet, 100 % årsvikariat med tiltreding frå 1. januar.

Arbeidsoppgåver:
• Faglærar begynneropplæring: Læraren må dekke aktuelle fag i småskulen, men kan og vere aktuell for undervisning på mellomtrinnet.
• Faglærar norsk og samfunnsfag: Læraren må dekke fag og vere aktiv del av eit eller fleire lag på mellomtrinnet.

Kvalifikasjonskrav:
• Godkjent utdanning etter kapittel 14 i forskrift til Opplæringsloven.

Vi ynskjer at du er:
• Ein person med engasjement og interesse for barn og ungdom si utvikling.
• Aktiv og fleksibel i samarbeidet med andre
• Positiv og har godt humør

Vi tilbyr:
• Ei moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning
• Eit spennande og triveleg arbeidsmiljø
• Ein organisasjon i utvikling.
• Varierte arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:
• Kommunale løns- og arbeidsvilkår

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-15T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
2
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Gol skule
Adresse:
Svøovegen 62, 3550

«Gol er ein god stad å bu for alle» Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
21.10.2021
Sist endret:
04.12.2021