Lærarstillingar ved Gol skule
FastGol skule er ein topp moderne 1-10 skule teken i bruk hausten 2016. Skulen har ca 490 elevar. Det er 95 tilsette,
av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor og tre skuleavdelingsleiarar med delegert ansvar; avdelingsleiar småskuletrinn og SFO,
avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn med til saman 400% leiarressurs.
Gol skule er ein lærande organisasjon, og satsingsområdet er inkluderande praksis. Skulen har inntil nyleg vore med i UDIR sitt prosjekt «Inkluderande barnehage og skulemiljø» med visjonen «Alle skal med». Skulen legg derfor stor vekt på at lærarane har god relasjonskompetanse og er opptatt av å skape gode relasjonar til og mellom elevane.
Vi søkjer:
Inntil 3 faste stillingar og vikariat for skuleåret 2023-2024
Arbeidsoppgåver:
Undervisning på mellomtrinnet med kontaktlæraransvar.
Fagområder:
Alle med formell undervisningskompetanse etter kap 14 i opplæringslova kan vere interessante søkjarar for oss.
Vi ønskjer at du:
• Kan begeistre og motivere elevar, kollegaer og foreldre, slik at elevane får betre fagleg og sosial framgang
• Meistrar klasseleiing og har evner til å skape gode relasjonar med barn og unge.
• Ser at alle har ein plass i klasserommet og er opptatt av tilretteleggingar for den enkelte elev.
• Har fokus på elevane si læring, og arbeider målretta og sjølvstendig.
• Er fleksibel og har evne til samarbeid med kollegaer.
• Er ein del av eit fellesskap, og ikkje står åleine med ansvaret for læringsresultatet.
• Kan dele med, og vil lære av andre.
• Er aktivt med i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
• Er positiv og har godt humør.
• Har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Gol kommune nyttar vi nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
• Ein skule der elevar trivst
• Eit utviklingsorientert fagmiljø
• Eit godt arbeidsmiljø
• Eit spennande og funksjonelt skulebygg
For stillinga gjeld:
Kommunale løns- og arbeidsvilkår
Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her