Site logo

Fleire av våre tilsette tek samfunnsansvaret ekstra på alvor, og har satt i gang å produsere nye ålingar, me håpar difor at du har lyst til å prøve deg i eit vikariat hjå oss.

Nedre-Ål skule er full av engasjerte folk som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel. Me har to-lærarmodell i alle fag på 1. og 2. trinn, og i norsk, engelsk og matte frå 3. trinn, samt solide fagarbeidarar og eit team med supre miljørettleiarar.

Me har ledig inntil 4 x 100 % mellombelse stillingar og 100 % fast. Mogleg oppstart frå 9. oktober til 1. februar. Varigheit for dei mellombelse stillingane er 1-1,5 år (ut skuleåret 2024-25 dersom ønskeleg).

Kvalifikasjonar

  • lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10

Arbeidsoppgåver

  • undervisning og tilrettelegging på 1.-7. trinn
  • engelskundervisning på mellomtrinnet er aktuelt for 1-2 av stillingane
  • samarbeid med kollegaer og andre instansar
  • kontaktlæraransvar kan bli aktuelt

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:

  • relasjonar
  • gruppe- og klasseleiing
  • samarbeid
  • inkludering

Me tilbyr

  • ein skule med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv og kulturliv
  • gunstig pensjonsordning
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala 

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password