Lærarar, fagarbeidarar og assistentar til innføringstilbod for barn og unge frå Ukraina
VikariatDet er større behov for medarbeidarar innanfor innføringstilbod for barn og unge frå Ukraina, ved at det i no tillegg til eksisterande mottak ved Skarslia blir etablert akuttmottak på Torpo. Ål kommune gjev tilbod om skule for barn i aldersgruppa 6-16 år. Vi treng medarbeidarar både ved Nedre-Ål skule, Ål ungdomsskule og Torpo skule.
Ål kommune treng lærarar, fagarbeidarar og assistentar i mellombelse stillingar til dette føremålet.
Dette er ei fellesutlysing, der vi ber om at du i søknaden skriv kvar du ønskjer å jobbe. Søknadane blir behandla fortløpande, og intervju og tilsetting skjer dermed også fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
• lærarane vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn
• fagarbeidarar og assistentar vil ha oppgåver i oppfølging og tilrettelegging i skule
Ønskelege kvalifikasjonar:
• fagarbeidar innanfor barn- og ungdomsarbeid
• assistent med erfaring innanfor barn- eller ungdomsarbeid, eller tilsvarande erfaringsbakgrunn
• lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10
• tospråkleg lærar med godkjent utdanning
• det er ein fordel om du meistrar norsk, ukrainsk, russisk eller polsk. Det er ein fordel om du også kan engelsk
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:
• relasjonar
• samarbeid
• inkludering
• gruppe- og klasseleiing
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Link til søknadsskjema: Søk her