Ål kommune er anmoda om å ta i mot familiar som flyktar frå Ukraina. I samband med dette skal me innan ein månad gje tilbod om skule for barn mellom 6-16 år, og innan kort tid eit tilbod til barn i barnehagealder. Det er ikkje klart kven, og kor mange som kjem til Ål kommune per nå. Talet på stillingar vert styrt av kor mange som kjem i dei ulike aldersgruppene. For å vera førebudd til rask oppstart går me derfor nå ut med ei open utlysing. Me søker etter lærarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar i midlertidige stillingar til dette føremålet.

Dette er ei fellesutlysing for barnehage og skule og me ber om at du i søknaden skriv kvar du ønskjer å jobba. Søknadane vert håndtert fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Lærarane vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn
  • Barnehagelærarane vil ha ansvaret for tilbodet i barnehage
  • Fagarbeidarar vil ha sine oppgåver i skule og barnehage

Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med:

  • Tospråkleg lærar med godkjent utdanning som meistrar ukrainsk. Det er ein fordel om du også kan engelsk.
  • Lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10. Det er ein fordel om du har fordjuping i engelsk
  • Barnehagelærar med godkjent utdanning. Det er ein fordel om du meistrar ukrainsk, russisk, eller polsk
  • Fagarbeider innanfor barn- og ungdomsarbeid. Det er ein fordel om du meistrar ukrainsk, russisk eller polsk
  • Kjennskap til det norske utdanningssystemet

Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:

  • relasjonar
  • samarbeid
  • inkludering
  • gruppe og klasseleiing

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord