Sjå her!  Ledig stilling innan realfag ved Gol vidaregåande skule!

Gol vidaregåande skule har ledig inntil 100% stilling for lærar i realfag. Undervisningskompetanse i  matematikk er eit krav,  det er også ønskeleg med undervisningskompetanse i informasjonsteknologi (programmering).

Stillinga er eit vikariat og gjeld resten av skuleåret 2022-2023.

Gol vidaregåande skule har idag omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram:  studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og  restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg blibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.

Gjennom samhandling og medverknad på alle nivå ynskjer vi å motivere elevar og tilsette til å ha fokus på det som fungerer godt og dele dette. Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.

Les meir om Gol vidaregåande skule her:  www.gol.vgs.no

Arbeidsoppgaver

  • undervisning i matematikk og informasjonsteknologi
  • oppfølging av elevar fagleg og sosialt
  • fagleg-pedagogisk samarbeid

Kvalifikasjoner

  • godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
  • meistre norsk munnleg og skriftleg
  • gode digitale ferdigheiter

Personlige egenskaper

  • trivast med ungdom
  • vere utviklingsorientert
  • vere strukturert og ha god evne til kommunikasjon og samarbeid
  • vere tydeleg klasseleiar
  • kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode pensjon- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Endre Ulsaker, avdelingsleiar realfag, 901 16 272
Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010

Arbeidssted

Gymnasvegen 27
3550 Gol

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Viken fylkeskommune

Referansenr.:4589783715
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.01.2023
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 12.12.2022

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken candidate.webcruiter.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord