Site logo

Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar med undervisningskompetanse i geografi og realfag (matematikk og naturfag). Me kan tilby vikariat i inntil 100 % stilling  for skuleåret 2024-25.

Gol vidaregåande skule har omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.

Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen.  Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.

Les meir om Gol vidaregåande skule her:  www.gol-vgs

Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • oppfølging av elevar fagleg og sosialt
  • fagleg-pedagogisk samarbeid
  • funksjon som kontaktlærar vil være aktuelt

Kvalifikasjonar

  • godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk
  • gode digitale ferdigheiter
  • arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskelig
  • meistre norsk munnleg og skriftleg

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknad

Personlege eigenskaper

  • trivast med ungdom
  • er utviklingsorientert
  • ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
  • vera tydeleg klasseleiar
  • kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning

 Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode pensjon- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Endre Ulsaker, avd. leiar realfag, 90116272
Anita Ulsaker, rektor, 40213010

Arbeidssted

Gymnasvegen 27
3550 Gol

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Buskerud fylkeskommune

Referansenr.: 4809311921
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 22.05.2024

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password