Sjå her! Ledig lærarstilling ved Gol vidaregåande skule!

Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar med undervisningskompetanse i desse faga: historie, samfunnsfag, gjerne i kombinasjon med norsk. Stillingen er inntil 100% og er eit vikariat for skuleåret 2022-2023.

Gol vidaregåande skule har idag omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og restaurant- og matfag. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning tilskulen.

Gjennom samhandling og medverknad på alle nivå ynskjer vi å motivere elevar og tilsette til å ha fokus på det som fungerer godt og dele dette. Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune som er knutepunkt i Hallingdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet. Les meir om Gol vidaregåande skule her: www.gol.vgs.no

Arbeidsoppgaver

  • undervisning 
  • oppfølging av elevar fagleg og sosialt
  • fagleg-pedagogisk samarbeid
  • funksjon som kontaktlærar kan bli aktuelt

Kvalifikasjoner

  • godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden
  • meistre norsk munnleg og skriftleg
  • gode digitale ferdigheiter

Personlige egenskaper

  • trivast med ungdom
  • vere utviklingsorientert
  • ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
  • vere tydeleg klasseleiar
  • kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning 

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Live Synnøve Surlien, avd leiar, 917 63 267
Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010

Arbeidssted

Gymnasvegen 27
3550 Gol

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Viken fylkeskommune

Referansenr.:4521531289
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2022
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 29.05.2022

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken candidate.webcruiter.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord