Site logo

Sjå her! Ledig stilling for lærar i engelsk og samfunnsfag

Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar med undervisningskompetanse i engelsk og samfunnsfag. 
Stillinga er eit vikariat i 50% stilling i tida 01.11.2023 – 31.07.2024. 

Gol vidaregåande skule har idag omlag 365 elevplasser og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg  bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknyting til skulen. 

Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På læringsarenaene våre er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.

Les meir om Gol vidaregåande skule her:  www.gol.vgs.no

Arbeidsoppgaver

  • undervisning
  • oppfølging av elevar fagleg og sosialt
  • fagleg-pedagogisk samarbeid

Kvalifikasjoner

  • godkjent undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
  • gode digitale ferdigheiter
  • gjerne arbeidserfaring frå vidaregåande skule
  • meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlige egenskaper

  • trivast med ungdom
  • vera utviklingsorientert
  • ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktu
  • vera tydeleg klasseleiar
  • kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Live Synnøve Surlien, avd.leiar, 917 63 267
Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010

Arbeidssted

Gymnasvegen 27
3550 Gol

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Viken fylkeskommune

Referansenr.: 4705495079
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.11.2023
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 24.09.2023

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password