Lærar i engelsk og samfunnsfag
Vikariat
Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar med undervisningskompetanse i engelsk og samfunnsfag. Me kan tilby vikariat i inntil 100% stilling i tida 01.01 – 31.07.2025.
Gol vidaregåande skule har omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.
Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.
Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.
Les meir om Gol vidaregåande skule her: www.gol-vgs
Arbeidsoppgåver
- undervisning
- oppfølging av elevar fagleg og sosialt
- fagleg-pedagogisk samarbeid
- funksjon som kontaktlærar kan vera aktuelt
Kvalifikasjonar
- godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk
- gode digitale ferdigheiter
- arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg
- meistre norsk munnleg og skriftleg
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden
Personlege eigenskaper
- trivast med ungdom
- er utviklingsorientert
- ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
- vera tydeleg klasseleiar
- kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode pensjon- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Live Synnøve Surlien, avd leiar, 917 63 267
Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010
Arbeidssted
Gymnasvegen 27
3550 Gol
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Buskerud fylkeskommune
Referansenr.: 4871321486
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 04.11.2024