Site logo

Vil du å vera med å leie ei levande og aktiv folkekyrkje i Ål?
Me har ledig 100% fast stilling som kyrkjeverje.
Kyrkjekontoret og Ål kyrkje held til sentralt på Ål, og det er soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. I tillegg til kyrkjeverje består staben av diakon, kyrkjelydspedagog, tre kyrkjetenarar, to sekretærar og to kyrkjemusikarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.
Ål vart i 2021 kåra til Norges kulturkommune med kulturhuset og regional dansescene som viktige element. Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då vil Ål passe godt for deg!
Det er god kommunikasjon både til Oslo og Bergen frå Ål, med tog og buss. Rv7, som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, går gjennom kommunen.

Arbeidsoppgaver

Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd:

– Ansvar for bygg- og gravplassforvaltning, personalleiing, sakshandsaming og økonomi.
– Kontakt og samarbeid med lokale og eksterne aktørar.
– Strategi- og planarbeid saman med sokneråd og tilsette.

Kvalifikasjoner

Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Særleg relevant kompetanse eller personlege eigenskapar kan erstatte utdanningskrav.
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi ynskjer elles at søkjar har:
God kjennskap til og eit engasjement for Den norske kyrkja som organisasjon og aktør i samfunnet.
Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og forvaltning.

Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Målform i Ål kommune er nynorsk.

Personlige egenskaper

Søkjaren må vera personleg skikka til stillinga og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som:

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Omgjengeleg og ha evne til å bygge gode relasjonar
Evne til å leie under utvikling og endring
Kunne motivere og vidareutvikle den lokale kyrkja
Målretta og samtidig fleksibel

Vi tilbyr

Ein variert jobb der ingen dagar er like
Godt arbeidsmiljø
Lønn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor
Pensjonsordning i KLP
Meir om stillinga hjå Svetlana Anistratenko, Kyrkjeverje 46 68 34 69 eller Arild Øystese Hansen, Fellesrådsleiar 904 15 929

Kontaktinformasjon

Svetlana Anistratenko, Kyrkjeverje, 46 68 34 69
Arild Øystese Hansen, Fellesrådsleiar, 904 15 929

Arbeidssted

Sundrevegen 64
3570 Ål

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ål kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4815201884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2024

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password