Kultursjef
AnnetHemsedal kommune har ledig 100% stilling som kultursjef frå 01.08.2024.
Me kan tilby eit inspirerande kulturmiljø prega av godt samarbeid mellom dyktige fagfolk. Kultursjefen vil vera sentral i utviklinga av Hemsedal sitt kulturliv framover.
Hemsedal er ei bygd med stor tilflytting, og på mange måtar ein smeltedigel. Mange tilflyttarar er unge. Miljøet er levande, nokon vil seie urbant. Samtidig står kulturarven sterkt i bygda. Kultursjefen er ein viktig ressursperson, og kan ha stor påverknad på retninga kulturlivet i bygda tek.
Kultursjefen er plassert under kommunalsjef for oppvekst og kultur. Til verksemda ligg 5,5 årsverk fordelt på einingane kulturskolen, bibliotek og ungdomsklubben.
Dine oppgåver og ansvar
- Overordna ansvar for kultur i kommunen. Du vil bli leiar for biblioteksjef, kulturskulerektor og leiar av ungdomsklubben
- Forvalte tilskotsordning for lag- og organisasjonar
- Bidra til tverrfagleg samarbeide med t.d. skule, helse, næringsliv, landbruk, kyrkja
- Forvaltning av spelemidlar og rådgjeving
- Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag/organisasjonar, idretten og Hemsedal frivilligsentral.
- Legge til rette for arbeid med lokal historie, dialekt og identitet
- Kommunale kulturplanar, slik som utarbeiding av kultur- og kulturminneplan
- Sikre utgreiingar på kulturfeltet og utforme gode saksframlegg til politikarane
- Delta i regionalt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring med administrasjon, økonomi- og personal.
- Erfaring frå offentleg/kommunal sektor vil bli vektlagt
- Erfaring med kunst- eller kulturarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg leiar, som trivst med å jobbe i team
- Du kan jobbe systematisk og strukturert
- Du er sjølvstendig, fleksibel og initiativrik
- Du har visjonar, endringsvilje og gjennomføringsevne
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
- ein spannande, variert og fleksibel arbeidsdag
- samarbeid med ulike fagmiljø i kommunen
- et sosialt og kreativt arbeidsmiljø med stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- lønn og arbeidsvilkår etter gjeldende lov- og avtaleverk
Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved enkelte stillingar innan Oppvekst er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsatt for smitterisiko.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av løn. Lønsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontaktpersonar
Trine Thielemann, Kommunalsjef, 922 89 928, trine.thielemann@hemsedal.kommune.no
Tori Snerte, konstituert kultursjef, 97524942, tori.johanna.snerte@hemsedal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her