Ål kommune har ledig i 50 % fast stilling med arbeid i koordinerande eining (KE) oppvekst.

Koordinerande eining i Ål er organisert med 50 % stilling frå helsesektoren og 50 % stilling i frå oppvekstsektoren. Stillinga er lagt til oppvekstkontoret med kommunalsjef som øverste personalleiar. Koordinerande eining på Ål er fagleg organisert under avdeling Mestring.

Koordinerande eining er staden ein vender seg til vedrørande behov for koordinator og individuell plan (IP). Koordinerande eining har god oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbod i kommunen og i helseregionen. Eininga er eit kontaktpunkt for tverrfagleg samarbeid. Den koordinerande eininga skal vere lett tilgjengeleg for brukarar og samarbeidspartar.

Oppstart så raskt som råd, og innan 1. mars.

Arbeidsoppgåver

Som tilsett i koordinerande eining i kommunen vil du ha eit hovudansvar for å følgje opp eininga sine ansvarsområder.

Koordinerande eining har ansvaret for:

  • å vere pådrivar for å sikre heilheitleg og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar.
  • å vere eit kontaktpunkt for brukarar, interne og eksterne samarbeidspartar innanfor habilitering og rehabilitering.
  • å ha systemansvar for individuell plan for personar med behov for langvarige og samansette/koordinerte tenester.
  • å peike ut ein koordinator i samarbeid med brukar og den avdelinga som får det koordinerande ansvaret for individuell plan og ansvarsgruppe.
  • kompetanseutviklingstiltak for koordinatorar i kommunen.

Kvalifikasjonar 

Minimum 3- årig pedagogisk eller helsefagleg utdanning på høgskule eller universitetsnivå. Det er ynskjeleg med:

  • erfaring ift. rettleiing og undervisning
  • erfaring frå samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta
  • gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein medarbeidar som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ein medarbeidar som har evne til å bygge nettverk, arbeide i team samtidig som du kan det å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert. For å kunne gjere jobben er det nødvendig at du er engasjert, fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du må ha evne å stå i krevjande situasjonar med høgt arbeidspress.  Me ynskjer å få med på laget ein medarbeidar som kan bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Lønsvilkår

Lønn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstig pensjonsordning 

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord