Hemsedal kommune

Kommunedirektør

  • Heltid
Hemsedal
aug 31, 2021

Org.nr.:964952701 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Hemsedal kommune har omlag 2560 innbyggjarar, og er ei fjellbygd i Hallingdal. Hallingdal har slagorda: «Leiken, ekta, fri og frisk!». Hemsedal er ei bygd i vekst som er god å bu i. Vi har ei sterkt veksande reiselivsnæring og eit livskraftig landbruk, store urørte naturområde, eit flott alpinanlegg, ei god fiskeelv og lokal kultur og tradisjonar vi er stolte av. Bygda Hemsedal har som mål å vere Skandinavias mest attraktive reisemål for fjellsport og kulturopplevingar. "Saman til tøpps"!

Vår nye kommunedirektør har evne til å inspirere, engasjere og utvikle leiarane og medarbeidarane.
Du er samstundes tydeleg i dine forventningar og tilbakemeldingar. Du er god til å kommunisere og er opptatt av samarbeid. Du kan gjennom samhandling og medverknad bygge relasjonar og oppnå resultat. Vår nye kommunedirektør er ambisiøs på kommunens vegne, tenker strategisk og kan sjå heilskap. Du er nytenkande, ser løysningar og skaper moglegheiter. Du er god på å trygge både tilsette og leiarane i sitt arbeid, og gjer organisasjonen trygg ved utviklings- og endringsprosesser. Du er også ein god rollemodell som evner å etterleve kommunens verdiar.

Vi ønsker at du har:

  • kunnskap om kommunal forvaltning og innovasjon
  • evne til å skape eit godt omdømme og gode tenester for kommunen sine innbyggjarar og næringsliv
  • erfaring med overordna planlegging og økonomistyring
  • relevant høgare utdanning og allsidig leiarerfaring

Ønska bakgrunn og kompetanse:

  • kunnskap om kommunal/offentleg forvaltning
  • erfaring frå saksbehandling
  • gode leiareigenskaper og evne til å utvikle organisasjonen
  • handlekraftig og gode samarbeidseigenskaper
  • gode datakunnskapar og erfaring med ulike datasystem

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskaper ved tilsetting.

Vi kan tilby deg m.a:

  • ei spanande og krevjande toppstilling i ei bygd i vekst med store ambisjonar
  • gode vilkår
  • gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • ei løysningsorientert organisasjon som har mykje varme og omtanke for kvarandre
  • fleksibel arbeidstid, det er lov å ta ein formiddag fri når det er nysnø eller det klekker i elva..

Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Søknaden skal registrerast elektronisk på vår webside.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Administrasjonsmål er nøytralt, men tenestemål er nynorsk.
Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP).

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attester kan lastast opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden.

Referansar vil bli innhenta. Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no dersom du har utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å ta imot din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Kontaktperson
Pål Terje Rørby, Ordførar, tlf: 31408800, mobil: 91638675, paal.rorby@hemsedal.kommune.no

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Pål Terje Rørby, Tlf: +47 31 40 88 00, Mobil +47 916 38 675, Epost: paal.rorby@hemsedal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-08-31T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune
Adresse:
Hemsedalsvegen 2889, 3560

Hemsedal kommune er en fjellbygd i Hallingdalregionen, med omlag 2560 innbyggere. Kommunen er i stadig vekst og har en spennende reiselivsnæring, et livskraftig landbruk og et rikt og mangfoldig kulturliv. Hemsedal er et møte mellom øst og vest, og er omringet av vakker natur. Det er i overkant av 200 årsverk i kommunen og du vil finne et bredt spekter av stillinger i de ulike sektorene.

Om søknaden

Publisert:
20.07.2021
Sist endret:
06.08.2021