Kommunalteknisk avdeling

Ingeniør kommunalteknikk veg, vatn og avløp

Gol

100 % fast stilling som ingeniør er ledig for tiltreding

Kommunalteknisk avdeling har 11 tilsette. Avdelinga har ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald for fagområda veg, vatn, avløp og renovasjon.
Avdelinga har nå ledig stilling som avdelingsingeniør.

Arbeidsoppgåver:
• Planlegging og gjennomføring av drifts- og investeringstiltak innan veg, vatn og avløp
• Saksbehandling innan vatn, avløp, veg og trafikktryggleikstiltak
• HMS og internkontroll
• Rammeavtaler og enkeltanskaffingar i medhald av LOA

Arbeidsoppgåver kan avhenge av dei varierande behov kommunen har og søkars kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning innan relevant fagområde for stillinga (B.Sc / MSc)
• Lang og relevant praksis frå offentleg eller privat verksemd kan kompensere for manglande formell utdanning
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er nødvendig
• Generell IKT kompetanse, og kjennskap til relevante IKT-verktøy
• Førekort klasse B

Vi ynskjer at du:
• Har erfaring frå rådgivande ingeniørfirma med prosjekterings- eller anleggserfaring innan fagområdane bygg og anlegg eller veg, vatn og avløp
• Har god arbeidskapasitet og er serviceinnstilt
• Tek initiativ og leier an når oppgåver skal løysast
• Har god samarbeidsevne og kan arbeide sjølvstendig
• Er løysingsorientert og analytisk
• Har blikk for detaljer, men evne til å sjå detaljane i samanheng med heilhet og vedteke mål

Vi legg stor vekt på personlige eigenskaper.

Vi tilbyr:
• Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• Fagleg utvikling og oppdatering
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:
Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk

Anna:
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse 

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-10-09

Om stillingen

Antall stillinger:
1
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Kommunalteknisk avdeling
Adresse:
Gamlevegen 4, 3550

Om søknaden

Publisert:
09.09.2021
Sist endret:
19.09.2021