Er du er løysningsorientert og ynskjer å jobbe i lag  med å bygge laget rundt barnet og deira familie og nettverk?

Er du ein relasjonsbyggjar og har barnets beste i fokus? 

Ønskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?

Då ønsker vi deg velkomen til vårt team!

Me har ledig følgjande stillingar:

  • opptil 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i Familiens hus. 
  • opptil 100 % vikariat i 1 år

I tillegg til helsestasjonsarbeid vil delar av stillinga vere knytt til prosjekt og utviklingsarbeid. Det kan også bli lagt til andre arbeidsoppgåver knytt til arbeid med barn og unge. Ynskt stillingstorleik vil bli avtalt ved tilsetting.

Kvalifikasjonar

  • utdanning som helsesjukepleiar 
  • sjukepleiarar som er under vidareutdanning til helsesjukepleie eller som har planar om å ta vidareutdanning til helsesjukepleie oppfordrast også til å søkje
  • sjukepleiar med interesse for oppfølging av barn og familiar.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • den som blir tilsett ha førarkort kl B.

Arbeidsoppgåver

  • helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver for tenesta i samsvar med nasjonale og lokale retningsliner og rutinar
  • delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester
  • vaksinering
  • prosjekt og utviklingsarbeid
  • andre oppgåver frå kvalifikasjonar/ utdanning og behov

Personlege eigenskapar

 Me ynskjer at du:

  • er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar
  • er ein god relasjonsbyggjar
  • god på kommunikasjon og rettleiing
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er positiv og løysingsorientert
  • har evne til nytenking

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Politiattest:

For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.

Me tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å skaffe bustad

Om oss

Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Vi er 22 tilsette. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen, Psykisk helse born og unge og eit interkommunalt PPT i lag med Hol kommune. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstvilkår.

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Send søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar". Klikk på " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynsker å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om. 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord