Site logo

Er du helsefagarbeidar med eit særleg ønskje om å jobbe med tverrfagleg pasientbehandling i eit utviklande, heilskapleg og fagleg fokusert miljø? Vil du vere med å vidareutvikle tenesta i samsvar med morgondagens omsorg for våre innbyggjarar?

Vi har behov for fleire helsefagarbeidarar i fleire avdelingar. Ål kommune ønskjer å tilsette i opptil 100 % faste og midlertidige stillingar, annan stillingsstorleik kan avtalast ved tilsetting. Vi ønskjer oss kollegaer med gode omsorgsevner, som er endringsorienterte og som trivst med å jobbe mot felles mål.

Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg er innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg. Som distriktskommune med lagt reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik. 

Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.

Er du nyutdanna er du velkomen til å søkje – Me tek godt i mot nytilsette – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Lyst å vite meir om å jobbe i helse- og omsorgssektoren i Ål og dei ulike avdelingane?

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du vår heimeside.

Arbeidsoppgåver kan vere:

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • observere og i samarbeid med sjukepleiar lage gode pleie- og tiltaksplanar
  • medikamenthandtering etter gjeldande prosedyre
  • rehabilitering, kvardagsrehabilitering, meistring og aktivitet
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • rettleie studentar, elevar og medarbeidarar
  • dokumentasjon og journalføring dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Ål kommune nyttar Gerica som journalsystem

Vi ønskjer å jobbe med deg som:

  • har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering
  • førarkort kl B ( gjeld for stillingar i heimeteneste, miljøterapitenesta og dagsenter)
  • trivs med helse- og omsorgsarbeid samt tilrettelegging for meistring og gode opplevingar
  • er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

  • positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Ulike arbeidstidsordingar i dei enkelte avdelingane som årsturnus om langvakt i helg, og eigen nattevaktturnus
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • tilrettelagde og nye lokale
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg og pensjonsordning i KLP

Send søknad

Dersom du ønskjer å søkje stilling i ein bestemt avdeling ber vi deg oppgje dette i søknaden.
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password