Site logo

100 % fast stilling

Miljøterapitenesta er den største avdelinga i helse- og omsorg Gol og vi er i behov av helsefagarbeidar/fagarbeidarar som er opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar, samt å bidra aktivt inn i utviklinga av fagmiljøet. Vårt faglege arbeid er knytt til dagleg oppfølging av planer og tiltak.

Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet. Vi har ulike turnusordningar med ulike intervall på helg.

Vi søkjer:
• Helsefagarbeidar/fagarbeidar i inntil 100 % fast stilling knytt til avdelinga Miljøterapitenesta.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i henhold til vedtak, dagsplanar, rutinar og prosedyrar
• Hjelp til personlig hygiene og annen helseoppfølging
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
• Bidra til fagutvikling i avdelinga
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Legemiddelhandtering
• Oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9
• Primærkontakt og andre delegerte oppgåver/ansvar
• Bruk av fagsystemet Gerica og sikre dokumentasjon
• Andre arbeidsoppgåver kan tilleggas stillinga

Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagarbeidar utdanning.
• Fortrinnsvis praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi ynskjer at du:
• Har kjennskap til psykisk utviklingshemming og psykiske lidinga
• Er motivert, kreativ, nytenkande og løysingsorientert
• Har praktisk erfaring med handtering av åtferd som utfordrar
• Interesserer deg for fagutvikling og kvalitet i tenesta
• Er bevisst på di haldning og prioritera verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Har humør og rausheit, og bidrar til et godt arbeidsmiljø
• Har førarkort klasse B

Vi tilbyr:
• Eit levande fagmiljø med fokus på kompetanse og kontinuerleg utvikling
• Ein interessant og utfordrande stilling med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Ulike turnusordningar
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• Gratis treningstilbod ved GOLIAT
• Gode pensjonsordningar

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password