Site logo

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har du evne å skape trygge og tillitsfulle relasjonar? 

Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking? Har  du lyst å jobbe  i den kommunale helse-og omsorgstenesta?  

Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske og som spreier livsglede til folka omkring deg. Som tilsett ved helsesenteret blir du del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med bebuarar, pårørande og kollegaer. 

Har du godt humør, stå-på-vilje og er fagleg engasjert i pasientgruppa vår, er du nettopp den vi søkjer etter.

Det er no ledige helgestillingar (13-25%) både på korttidsavdelingen (Gjestetunet) og langtidsavdelingen (Stugu). Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø, og du får ein meiningsfull jobb med gode moglegheiter til utvikling.

Arbeidsoppgåver

Gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande.  Dette vil mellom anna vere:

  • dagleg stell og pleie, samt å yte gode omsorgstenester for bebuarar
  • observasjon, kartlegging og dokumentasjon i pasientjournal 
  • miljøarbeid og aktiviteter og bidra til å skape glede og den gode samtale med bebuaren
  • meistring og rehabliteringsoppgåver
  • vere aktiv pådriver for at våre pasienter får brukt sine eigne ressurser på en god måte, og bidra til at dei opplever ein høg grad av livskvalitet
  • tverrfaglig samarbeid.
  • dialog og samarbeid med pårørende

Me søkjer deg som

  • har helsefagleg utdanning eller er under en helsefaglig utdanning, men andre med erfaring og interesse for å jobbe innan helse og omsorg er velkommen til å søkje. 
  • er personlig egna og har interesse for tenesta
  • beherskar godt norsk både muntlig og skriftlig
  • er over 18 år
  • har god forståing for og kunnskap om dataverktøy i forhold til rapportering, jounalføring med vidare
  • tek initiativ, trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • er positiv, serviceinnstilt og godt humør
  • beheld roen når det trengs men  kan takle høgt arbeidstempo når det er behov for det 
  • har evne til å ta til deg ny kunnskap og lære av andre.
  • er reflektert over egne verdier i møte med mennesker som har behov for din hjelp
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Me tilbyr

  • todelt turnus og eigen nattevaktsturnus
  • det kan bli lagt til rette for langvakt i helg
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • du god opplæring og rettleiing. 
  • tilrettelagde og gode lokale
  • hjelp til å skaffe bustad
  • rabattert pris på treningssenter

 Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • lokale tillegg

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkommen til å ta kontakt med oss.

 Om oss

Ål helsesenter er base for både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling.

Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar 12,6 årsverk. Avdeling Stugu tilbyr langtidsopphald til pasientar med demensdiagnose og generelle geriatriske problemstillingar. Avdelinga har 33 plassar og 32 årsverk. Avdelinga tilbyr heilskapleg og tverrfagleg pleie, omsorg og behandling, som gjev god livskvalitet.

Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Me har eigen trivselskoordinator, sjukeheimslege, fysioterapi og ergoterapi knytt til helsesenteret.  Me ønskjer å være eit lærande hus for elever og studentar. Vi har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Du vil lære og jobbe med alternative tenester som VIPS – praksismodell, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologiske løysningar. Du vil også lære å ha eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomsteikn. 

Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Miljøterapiavdelinga har base på Prestegardsjordet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password