Site logo

Har du tid og lyst til å gje støtte og oppfølging til menneskjer med ulike behov og i alle aldre, og gje dei ei aktiv og meiningsfylt fritid?

Då vil me gjerne kome i kontakt med deg.

Me treng aktivitetskontaktar til personar som har vedtak om dette. Tenesta er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenester § 3.2-6b. Målsettinga med aktivitetskontakt er å gje auka sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar med mål om å auke meistring og livskvaliteten for den enkelte.

Oppdraget kan vere å:

  • kartlegge brukarens interesser
  • finne egna kultur- og fritidsaktivitetar
  • motivere og legge til rette for den enkelte sin deltaking
  • legge til rette for kultur- og fritidsaktivitetar som brukarane sjølv ønskjer å delta i
  • motivere for nye aktiviteter
  • hjelpe brukarane til å utvikle sosiale relasjonar slik at dei får ei meiningsfull fritid og auka livskvalitet 

Det å vere aktivitetskontakt skal vere hyggelig og givande. Du må ha overskot til å gje av deg sjølv, vere trygg, og ha evne til å etablere kontakt, men samtidig kunne sette grenser. 
Du må også vere påliteleg og stabil, samt vere villig til å forplikte deg over tid. Du må vere over 18 år.

Me tilbyr:

  • varierte oppdrag/oppgåver
  • rettleiing ved behov
  • oppdragsavtale
  • det blir utbetalt køyregodtgjersle for køyring frå heimen til bruker
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss med spørsmål om stillinga:
Miljøterapitenesta gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Miljøterapitenesta består av 2 avdelingar med kvar sin leiar. 

Tina Johansson
Tlf. 91527590
Avdelingsleder avdeling 1 Miljøterapitenesta

Marianne T. Skarpås
Tlf. 959 43 697
Avdelingsleder avdeling 2 Miljøterapitenesta

Velkomen som søkjer!

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password