Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver?
FastTrivs du med akuttmedisin og ein travel kvardag? Ønskjer du å bruke tida di på legearbeid og at andre utfører dei administrative oppgåvene?
Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.
Legane ved Ål legekontor har ei gunstig fastlegeavtale der legane leiger kontor, personell og utstyr frå kommunane. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 legar pluss LIS 1 lege. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.
Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning til spesialist i allmennmedisin.
På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.
I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. Storleiken på lista kan forhandlast ved inngåing av avtale.
Kvalifikasjonar
- lege med norsk autorisasjon
- spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
- gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- personleg eigna som fastlege og som kollega
- det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Me tilbyr
- triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
- moderne og godt utstyrt lokaler
- tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
- alisavtale og regional rettleiingsgruppe
- godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema.
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Link til søknadsskjema: Søk her