92% fast stilling og 96% fast stilling

Er du opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar og bidra aktivt inn i eit fagmiljø? Miljøterapitenesta gir tenester til brukarar i eigen heim og i avlastningsbustad.

Vi søkjer:
Miljøterapeutar i to faste stillingar knytt til området Vesterhusvegen. Stillingane inngår i turnus med langvakter, døgnvakter og arbeid i helgar. Det er utarbeidd turnus der det er sett av tid til samarbeidsmøte i turnus.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere tiltak
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørende
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica

Kvalifikasjonar:
• 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk
• Evt. utdanna fagarbeidar med relevant fagbrev.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du har:
• Helsefagleg kompetanse og/eller kompetanse i målretta miljøarbeid
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming, autisme og epilepsi.
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• God kunnskap i bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane

Vi tilbyr:
• Eit interessant og utfordrande arbeide med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning

For stillinga gjeld:
• Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord