Site logo

Helse- og omsorgsavdelingane søker deg som vil jobbe ved Gol helsetun, Heimetenesta, Miljøterapitenesta, Kommunelegekontoret, Psykisk helse og rus eller Krisesenter med barnevernsvakt.

Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som sommarvikar hos oss. Vi treng assistentar, som ikkje har utdanning innan vårt fagfelt, fagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar eller anna høgskuleutdanning innan helse og omsorg. Du kan gjerne vera student, heimeverande eller pensjonist.

Litt om avdelingane våre og kva vi søkjer:

Gol helsetun består av områda Institusjon, Dagsenter, Nattenesta og Kjøkken. Vi har til saman 32 kort- og langtidsplasser og gir tenester til eldre med omfattande behov for medisinsk behandling, pleie og omsorg, samt tilbod om avlastning til pårørande med tyngande omsorgsoppgåver.
Kontaktpersonar:
Sølvi Listøen, avdelingsleiar
Linda Muggerud Anderssen, avdelingsleiar
Bo Jonny Andreas Svensson, Kjøkkensjef

Heimetenesta gir tenester til heimebuande i private heimar og omsorgsbustadar, som har behov for nødvendig helsehjelp.
Vi søker pleieassistentar som kan bistå tenestemottakarane med personleg hygiene, tilrettelegging av måltid mm. Det er ikkje krav om at du administrerer medisinar eller at du har førarkort.
Vi søker deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege- eller sjukepleiarstudent som kan bistå tenestemottakarane med å ivareta grunnleggande pleie- og omsorgsbehov. Arbeidsoppgåvene kan for eksempel vera, personleg hygiene, sårstell og assistanse til legemiddelhandtering. Det er ønskeleg at du har førarkort.
Kontaktperson:
Marie Handeland, avdelingsleiar

Miljøterapitenesta gir tenester til personar med utviklingshemming som bur i eigen heim og i avlastningsbustad. Våre einingar er Helsetunvegen1 og 2, Kristenbråten, Vesterhusvegen og Arbeidssenteret. Vi søker etter deg som ønsker å sette brukaren i fokus, som vil bidra til gode og meiningsfylte kvardagar, aktivitet og sosial kontakt.
Arbeidsoppgåver er hjelp, omsorg og pleie til brukarane etter individuelle behov.
Kontaktpersonar:
Aina Haugstad, avdelingsleiar
Katarina E. Slåtto, områdeleiar Kristenbråten
Ida Birgitte Bøygard Stolen, områdeleiar Helsetunvegen.

Kommunelegekontoret søkjer sommarvikarar til arbeid i resepsjon, lab og skiftestue og vikarlege for øyeblikkeleg hjelp.
Kontaktperson:
Agnes S. Antonsen Bossum, avdelingsleiar

Psykisk helse rus – Krisesenter gir førebyggande, koordinerande, og oppfølgande tenester. Det er retta mot familiar og brukarar med vedtak. Vi har også krisesenter som er tilgjengeleg heile døgnet, samt barnevervakt som er tilgjengeleg utanfor barnevernets kontortid.
Kontaktperson:
Nic M. Eilertsen, områdeleiar Psykisk helse.
Lotte Magnussen, områdeleiar Hallingdal familie krisesenter og barnevernsvakt

Kvalifikasjonar:
• Vi søkjer både etter deg som har utdanning og deg som ikkje har det, men ynskjer å jobbe hos oss i sommar – du vil få god opplæring
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi ynskjer at du:
• er glad i å jobbe med menneske
• kommuniserer godt med dei du skal jobbe med
• har gode samarbeidsevnar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi vil prioritere deg som kan arbeide vekene 26 – 32 så det er fint at du oppgjer kva for periode du kan jobbe. Du må også opplyse om kva for avdelingar du helst vil jobbe ved.

For stillinga gjeld:
• Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande reglement, lov og avtaleverk.
• Vi har eigne tillegg for studentar som har fullført eitt eller to år av relevant utdanning.

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal blir offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password