Ål kommune, Ergo- / fysioterapiavdelinga

Fysioterapeut

  • Heltid
Ål
jul 16, 2021

Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen : Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid,brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling?
Vi har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut.

Til topps- leiarutviklingsprogram

Tilsette med høgskuleutdanning kan bli med i eit to-årig program om leiarutvikling med oppstart hausten 2021.Her vil du i seks heildagssamlingar få teoretisk kunnskap om ulike aspektar innan leiing og individuell rettleiing. Vidare vil du i andre året få høve til å vidareutvikling din teoretisk kunnskap gjennom refleksjonsmøter, erfaringsutveksling,casetrening og praksistrening i avdelinga.

Om oss

Ergo- / fysioterapiavdelinga base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste,
heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og
prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.

Det er eit godt samarbeid i sektoren, og med frivillige og Frivilligsentralen.

Avdelinga har eit godt fagmiljø med 8 andre fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar.

Arbeidsoppgåver
  • habilitering/rehabilitering individuelt og i grupper
  • utreiing og behandling i barnehage, skole og helsestasjon
  • kvardagsrehabilitering — tverrfagleg arbeid
  • grupper i basseng
  • kurative oppgåver
Kvalifikasjonar
  • stillinga krev utdanning og autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort
Personlege eigenskapar

Arbeidsfeltet er sjølvstendig og utfordrande, krev gode samarbeidsevne, kreativitet og evne til å finne gode løysingar.

Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

Me tilbyr

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP
Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kanopplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Live Magnetun, Mobil +47 97198159, Epost: live.magnetun@aal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-07-16T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Oppstart:
15.08.2021
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune, Ergo- / fysioterapiavdelinga
Adresse:
Helsetunvegen 5, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
02.06.2021
Sist endret:
17.06.2021