Site logo

Gol kommune har ledig fysioterapeut vikar stilling pga fråvær og barselpermisjon. På avdelinga vil det vera totalt 3 fast tilsette fysioterapeutar, 1 ergoterapeut og 2 fysioterapeutar som har avtaleheimel med kommunen. Vår nytilsette fysioterapeut vil verte ein del av eit godt fysio/ergoterapeutfelleskap, og vil yte tenester i heile kommunen. Tenesta har i dag godt samarbeid med heimebaserte tenester og sjukeheim. Arbeidskvardagen vil vere varierande med oppfølging av ulike aldersgrupper både ved kontorstaden ved Gol helsetun, men også med heimebesøk. Tenestene er organisert under eining Helseavdelinga, som også inneheld andre kurative tenester.

Stillingen er ledig fram til 30.10.2024, men med moglegheit for forlengelse og/eller fast stilling.

Arbeidsoppgåver:
• Førebyggande tiltak og behandling av barn og ungdom
• Pasientbehandling og oppfølging på individ- og gruppenivå
• Kartlegge funksjonsnivå og hjelpebehov av brukarar
• Førebyggjande arbeid/folkehelsearbeid
• Vere med å vidareutvikle fysioterapitenesta
• Hjelpemiddelformidling (bestille, tilpassing, tilbakelevering, kommunalt lager)
• Arbeidsoppgåver innan kommunal koordinatorfunksjon er lagt til tenesta
• Gruppetrening på treningsrom og i basseng
• Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som fysioterapeut
• Ynskjeleg med erfaring frå arbeid som fysioterapeut
• Ynskjeleg med erfaring frå søknadsprosess i høve NAV/hjelpemidlar
• Har førarkort klasse B
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• God relasjonskompetanse

Vi søkjer ein medarbeidar som har:
• Tilleggskompetanse frå kurs eller videreutdanning innan fagområdet fysioterapi for eldre eller barn og ungdom.
• Evne til å motivere
• Evne til å arbeide løysingsorientert og fleksibelt
• Evne til å arbeide effektivt og sjølvstendig med polikliniske pasientar

Vi tilbyr:
• Interessante arbeidsoppgåver og friheit til å bidra til utvikling av kommunens helsetenester
• Varierte arbeidsoppgåver
• Eit god fagmiljø

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet
• Tenestepensjon

Anna:
• Politiattest må leggast fram
• Det vil bli kalla inn til intervju, og det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna for stillinga.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password