Site logo

Ein av våre dedikerte tilsette gjennom mange år flytter frå Ål, og me treng ein ny på laget.  Servicetenesta har ei sentral rolle i Ål kommune med Servicetorg, arkiv, politisk sekretariat, og me er eit team på 8 tilsette med stort engasjement. Me er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv  medarbeidar som ynskjer å bidra til gje både innbyggjarar, administrasjonen og politikarane ei  teneste av topp kvalitet.  

Arbeidsoppgåver 

  • oppgåver knytt til arkivtenesta 
  • postbehandling 
  • politisk sekretær 
  • sakshandsaming innanfor avdelinga sitt ansvarsområde (herunder offentlegrettsleg sakshandsaming)  
  • rettleiing av publikum

Me ynskjer at du som søkjer har

  • høgare utdanning innan arkiv- og dokumenforvaltning.. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • kompetanse innan sakshandsaming  
  • kjennskap eller erfaring innan offentleg verksemd
  • meget gode muntlege og skriftlege nynorskkunnskapar 
  • meget gode IT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

Du er strukturert, tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag. 

I samhandling med andre er du imøtekommande, positiv og løysingsorientert. Som relasjonsbyggjar er du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivåar i organisasjonen 

Me tilbyr

  • eit team med fagleg dyktige medarbeidarar 
  • lønn etter gjeldande tariffavtale 
  • pensjonsordning i KLP 
  • gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet 
  • gode stønadsordningar og muligheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og videreutdanning 
  • hjelp til å finne bustad 

Søknad  

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden 
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden 
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista 

Velkomen hjå oss som søkjar! 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password