Gol kommune opprettar stilling som fagleiar for skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom for å utøve, leie og koordinere dei førebyggande helsetenestene til barn og ungdom frå 6-19 år. Kommunen arbeider med å implementere BTI ( Betre tverrfagleg innsats), og skulehelsetenesta vil vera ein aktiv medspelar i prosessen saman med skule og barnehage. Kommunenes førebyggande tenester skal bli synlege og lett tilgjengelege for målgruppa samtidig som ein ynskjer å gi eit godt tverrfagleg tilbod til barn, unge og familiar.

Arbeidet vil skje i nært samarbeid med helsestasjon, sosiallærarar, psykisk helse-teneste, fysioterapitenesta og legetenesta.

Arbeidsstader er barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og helsestasjon for ungdom/ Gol helsestasjon.

Arbeidsoppgåver:
• Helsefremjande og førebyggande helsetenester i samsvar nasjonale retningsliner
• Drop-in tenester på barne-og ungdomsskule, vidaregåande skule og HFU
• Koordinere det tverrfaglege tilbodet i skulehelsetenesta
• Samarbeide med spesialisthelsetenesta og barneverntenesta

Kvalifikasjonar:
• Godkjent utdanning som helsesjukepleiar
• Sjukepleiar med påbegynt helsesjukepleiarutdanning
• Sjukepleiar med relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring
• Annan relevant høgskuleutdanning og/eller arbeidserfaring
• Veiledningskompetanse er ynskjeleg

Vi ynskjer deg som har:
• Engasjement for førebyggjande arbeid og er utviklingsorientert
• Erfaring frå skulehelsetenesta eller anna relevant erfaring
• Evne til god kontakt med barn og unge
• Gode samarbeidsevner
• Evna til å arbeide strukturert og målretta

Vi tilbyr:
• Eit godt og triveleg fagmiljø
• Leiaropplæring i grupper i kommunens helse-og omsorgsavdelingar.
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Lyse og trivelege lokale på skulane og på helsestasjonen

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet
• Tenestepensjon

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attester
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er fylt ut.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord